Velkomen til Alverparken, eit knutepunkt mellom Isdal og Ikenberget i Alver kommune. Alverparken skal no byggast ut til eit nytt, moderne og triveleg buområde for folk i alle aldrar. Herifrå kan du nyte utsikta mot leia i Hagelsundet i sør og Håøy og Radfjorden mot vest.
Med sør-vestvendt plassering like ved Kvernafjorden ligg alt til rette for eit godt og triveleg bumiljø med vektlegging på mellom anna herleg park- og grønområde og unik kyststi i solrike og maritime omgivnader.
Kyststien vert vidare etablert under utbygginga av feltet. Det vert her også atkomst til naustområde med to eksisterande naust som bebuarane fritt kan nytta seg av.
Frå Alverparken er det gangavstand til både Alversund skule og offentlege servicetilbod ved regionsenteret Knarvik. Innan kort gangavstand finn ein flott opparbeida badeplass i Isdal, barnehage ved Stølen samt daglegvarebutikkar som Kiwi på Ikenberget og Eurospar i Isdal.
Til Bergen sentrum og Mongstad tar det ca. 30 min. med bil.